Etablering
Organisasjon
Verksemder
Prisar
Biografiar
Arkiv og brev
Utsmykking
Hans Jacob Wille

Hans Jacob Wille (1756-1808)

Minnetale over Hans Jacob Wille på Høitidsdagen i 2000, ved Jan Ragnar Hagland:

  • sjå tekst under

 

Til høgre: Minnemedaljar over Hans Jacob Wille i 2000, advers og revers, i gull (forgylt sølv) øvst, i sølv i midten og bronse nedst.

 

Biografi i Store norske leksikon

 

Biografi lesen på Høitidsdagen i 2000. (Tekst: Jan Ragnar Hagland)

Hans Jacob Wille (11.10.1756 – 22.4.1808)

"Da det er fornødent, at enhver Arbejdende iagttager en vis Orden, saa forelægger Selskabet medfølgende Tabel som er taget af Hr. Willes Beskrivelse over Sillejords Præstegjeld, der er befunden let og ordentlig, og fortjener at bruges som Regel, hvorefter saadane Beskrivelser indrettes". Slik heiter det i første hefte av Topografisk Journal for Norge, første årgang i 1792 (s. 14) i ei rettleiing frå utgjevaren, Det Topografiske Selskab for Norge, om korleis oppsett og framstilling burde vera i det som den gong var ein nokså blomstrande faglitterær genre. 'Den historisk–topografiske litteraturen' kallar vi det helst i dag, ein type litteratur og ein vitskapleg genre som gjerne vert sedd på som eit typisk 1700-talsfenomen i norsk samanheng.
    Verket som på dette viset vert halde fram som mønsterverdig, var altså Hans Jacob Willes Beskrivelse over Sillejords Præstegield i Øvre Tellemarken i Norge utgjeve som bok i København 1786. Det må seiast å vera ei fin lita fjør i hatten for den vitskapleg orienterte og interesserte presten Hans Jacob Wille. Den undersøking og beskriving han hadde gjennomført ved si framstilling av geografiske, historiske, økonomiske og politiske forhold i Seljord, Telemark, hadde nemleg andre og tunge forfattarnamn å måla seg med på den tid som her er aktuell – ikkje minst må det seiast å gjelda føregangaren og på mange vis læremeisteren professor Hans Strøm med sitt storverk Physisk Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør, utgjeve i to band i åra 1762 og 1766. Det må såleis vera rett å seia at Hans Jacob Wille i si samtid vart sedd på som ein sentral person innom det vi med dagens terminologi vel helst ville omtala som eit humanistisk-samfunnsvitskapleg arbeidsfelt, jamvel om han i nokon grad også prøvde seg på naturvitskaplege emne – i tidas fleirfaglege ånd. Om vår tid elles ville leggja andre mål på hans vitskaplege innsats, så er dét ei anna sak.
    Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab delte si samtids syn på Wille som vitskapsmann og valde han inn som medlem på møte 11. oktober 1791. Han skulle elles komma til å yta dette Selskab store tenester også på det organisatoriske plan gjennom sitt verke som dets faste sekretær i meir enn eit tiår – frå 1793 til 1804.  Han var kandidat til vervet som vicepreses i Selskabet etter biskop Schønheyder som døydde i 1803, men gjekk tapande ut av det valet. Etter dette trekte han seg attende frå Selskabets arbeid året etter (jf. Midbø 1960, 164ff.). Hans Jacob  Wille var  medlem av fleire andre lærde selskap både i Noreg og i utlandet. Han var, naturleg nok, medlem av Det Topografiske Selskab for Norge, men også av Det skandinaviske Litteraturselskab i København,  Die Königliche Societät der Wissenschaften und Künste i Frankfurt an der Oder  (jf. Hausen 1800, 153),  Götheborgska Wetenskaps och Witterhets Samhället  og av Newcastle Literary and Philosophical Society, Newcastle upon Tyne i England (jf. òg Brewer 1997, 507ff.).
Hans Jacob Wille var fødd på Skornes prestegard i Seljord 11.oktober 1756, son av den danskfødde presten Hans Amundsen Wille (1714-1799) og hustru Anna Marie Hansdotter Bloch (†1758). Hans Jacob voks opp i Seljord og drog atten år gammal til København for å studera. Han vart innskriven som student ved universitetet den 4. august 1775 og avla sin teologiske eksamen den 19. januar 1779. Han drog så attende til barndomsheimen i Seljord og verka som personalkapellan hos faren i sju år, dvs. til 1786 då han tok til som hjelpeprest hos soknepresten i Eiker, den før nemnde professor Hans Strøm. Dette året la han på eigen kostnad ut på ei omfattande reise rundt i Telemark for å driva botaniske og historiske undersøkingar. Denne sida ved Willes verke skal vi komma attende til. Etter si granskingsferd kringom i Telemark drog han til København for å solisitera som det heitte. Det vil seia å søkja kongen om prestekall. Han hadde solisitert før, men denne gongen lukkast det og han fekk sitt kall som sokneprest i Grytten i Romsdal i 1788. I 1792 kom han så til Trondheim som sokneprest i Vår Frue kyrkje, frå 1798 til han døydde ti år seinare var han stiftsprost i Trondheim. Hans Jacob Wille har med andre ord ein sterk og markert tilknytnad både til vårt Selskab og til Trondheim by.
Innom desse ytre eller yrkesmessige råmer var det altså at Hans Jacob Wille, som så mange andre med han på den tida, laut dyrka sine vitskaplege interesser. Og det er innsatsen hans med å dyrka sine vitskaplege teigar vi skal interessera oss for i denne venda.  
Det kan då vera naturleg å ta til med det topografiske arbeidet vi alt har vore innom – Beskrivelse over Sillejords Præstegield. Det er sett opp i fire kapittel som i tur og orden tek for seg prestegjeldet med omsyn til "geografisk historisk Beskrivelse", dets "physiske Beskrivelse", "œconomiske Beskrivelse" og til slutt den "politiske Beskrivelse". Willes verk skil seg ut frå samtidas topografiske litteratur på fleire vis enn ved den klare og oversiktlege disposisjonen som Det Topografiske Selskab hadde festa seg så sterkt ved. Det mest interessante i ettertid er, slik eg ser det, den etter måten systematiske bruken han gjer av eit nokså omfattande historisk primærkjeldemateriale (jf. Hagland 1975b). Dette primærkjeldematerialet var først og fremst mellomalderbrev, eller diplom. Vi veit frå brevveksling mellom faren, Hans Amundsen Wille, og Christopher Hammer (velkjend i vårt Selskab) at han (altså faren) hadde tileigna seg nok kunnskap om gammalnorsk språk til å kunna lesa slike kjelder, og vi ser elles at sonen Hans Jacob byggjer vidare på den kompetansen faren hadde opparbeidd i så måte (jf. Hagland 1974). I tillegg til det skriftlege, historiske, kjeldematerialet hadde Wille samla inn atskilleg av munnleg tradisjonsstoff frå bygdene i prestegjeldet. Særleg interessant i så måte er stoffet frå eit supplement til "Beskrivelsen" som Wille etterlet seg i manuskript. Dette vart ikkje utgjeve før i 1882 av Ludvig Daae i Historisk Tidsskrift, og innhaldet her er i hovudsak oppteikningar av skikkar som knytte seg til høgtidsdagar som bryllaup, og festdagane i kyrkjeåret. Det er litteratur som nok også vil kunna fengja ein lesar av i dag, vil eg tru.  
I det heile har tida etter at Hans Jacob Wille avla sin teologiske eksamen i 1779 og fram til og med  innsamlingsferda kringom i Telemark i 1786, vore svært produktiv vitskapleg sett. Det har vi mange både direkte og indirekte prov på. Berre ein del av dei granskingar han utførte i denne fruktbare perioden vart publiserte i hans eiga samtid. Det er bevart ei interessant brevveksling i Det kongelige Bibliotek i København mellom Hans Jacob Wille og etatsråd Christian Martfelt (1728-90) frå åra 1785 og 86, der vi får eit godt bilete av Willes entusiasme og iver som forskar. Martfelt var på den tida sekretær i Landhusholdningsselskabet, og det var gjennom dette selskap at Wille fekk publisert 'Beskrivelsen' på Gyldendals Forlag i 1786 (jf. Hagland 1997, 73f). Gjennom denne brevvekslinga, der Wille på eit vis nyttar Martfelt som fagleg rådgjevar, eller konsulent som det vel heiter i dag, får vi m. a. greie på korleis den unge seljordskappelanen i samband med innsamling av data til 'Beskrivelsen' også hadde "forfærdiget en Norsk Ord-Bog af 3000 Gloser og Talemaader som her i Sognet bruges". Denne kom aldri så langt som til trykken i Willes eiga tid. Det vart utgjeve i vårt Selskabs skrifter 1975 (Hagland 1975a). Jamvel om det ikkje vart utgjeve før i vår tid, var arbeidet kjent og nytta i Willes samtid, først og fremst av Laurentz Hallager i den nokså store ordboka han gav ut i 1802. Eit interessant aspekt ved dette ordsamlingsarbeidet til Wille er at det heilt tydeleg har skjedd etter inspirasjon og i ein slags patriotisk dialog med fagleg aktivitet i vårt Selskab. I Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Skrifter frå 1784 hadde nemleg Marcus Schnabel publisert ei samanlikning  mellom dialekten i Hardanger og det gamle norske språket: "Prøve paa hvorvidt det gamle norske Sprog endnu er til i det Hardangerske Bondemaal". Her har tydelegvis Wille ting å føra til torgs på vegner av sitt telemål. I det brevet vi alt har referert frå (brev av 6. august 1785) skriv han såleis til Martfelt om seljordsmålet at det "stemme mer over eens med det Islandske en noget andet Steds i Norge, ja end og i Hardanger". I føreordet til ordboka si utdjupar han dette og understrekar at det arkaiske ved språket i Telemark ville ha komme endå betre til syne om han i tillegg til ord frå Seljord også hadde hatt høve til "at indføre Ord og Talemaader brugelige i Tind og Vinje Præstegield, hvor man taler meere som hiine Ældgamle end her, hvor Omgang med Kiøbstæderne forandrer Sproget og bringer det af Brug" (Hagland 1975a, 14). Det er ei vurdering av språk- og dialekttilhøve som vi vel kjenner godt igjen den dag i dag, og som altså i alle fall har meir enn 200 års fartstid.
    Gjennom korrespondansen med Martfelt får vi vidare vita at Wille i denne sin vitskaplege raptusperiode først på 1780-talet også hadde fått "færdig til Præssen et Udtog af den nordiske Mythologie, uddraget af Edda, Snorre og Suhm, dog saa fuldstændig, at den kunde bruges i Skolerne og af Studiosus Philologiæ". Dette arbeidet kom då også temmeleg raskt etter ut på trykk. Det vart utgjeve på Gyldendal i 1787 med tittelen Udtog af den nordiske Mythologie, eller Othins Gudelære. Det er eit arbeid med eit klårt uttrykt folkepedagogisk siktemål og ønskjer nok å vera meir formidlande og didaktisk enn Peter Frederik Suhms verk om nordisk mytologi frå 1771 – Om Odin og den hedniske Gudelære og Gudstieneste udi Norden (Kiøbenhavn). Dette verket hadde, kanskje med rette, i samtida vore skulda for å vera omstendeleg og keisamt, og det ser ut til at Willes ofte synlege ønske om å verka som folkeopplysningsmann også har gjort seg gjeldande på dette området (jf. òg Appendiks nedanfor). At det av føreordet også går tydeleg fram at arbeidet med det mytologiske stoffet har hatt som eit mål å vera meritterande for eit prestekall, høyrer likevel med i biletet og kanskje også at det faktisk kan ha hatt slik verknad. Men boka fekk aldri nokon godt synleg plass i faghistoria. Ein viktig grunn til det er nok Grundtvigs nokså drepande merknad i føreordet til Nordens Mytologi frå 1808 om dette og to andre liknande forsøk på å skriva om mytologi – dei hadde alle tre, seier Grundtvig, "forgæves søgt at lære Andre hvad de selv ei vidste".
Synsvinkelen til Wille på dette mytologiske stoffet er i alle fall både tidstypisk og avslørande for heilt matnyttige motiv for å gi det ut, der ønsket om eit kall også spøkjer i bakgrunnen. I føreordet kjem slikt såleis godt fram når han først audmjukt unnskylder seg med omsyn til Suhms verk og for å ha våga å ta opp same emne som han hadde gjort i si bok frå 1771. Wille er klår over, seier han, at han kunne bli anklaga for "Autor-Syge" ved å  gi ut si bok. Det er kanskje ein slags frykt som elles nok kan seiast å ha avteke med hundreåra, reint allment sett. Men elles seier Wille det slik når det gjeld dette med å laga ei framstilling om nordisk mytologi for si samtid: "At kiende vore Forfædres Gude-Lære, saaledes som den var i disse Lande før Christendommens Indførsel, synes at være nyttigt og fornøieligt, thi derved indse vi vore Forfædres Vildfarelse, og vi takke Forsynet for en fornuftigere Religion" (jf. Hagland 1994, 35ff).  
Det fjerde større prosjektet Wille tok på seg i dette som her er kalla hans vitskaplege raptusperiode på 1780-talet, var altså denne reisa kringom i Telemark for å gjera antikvariske og andre undersøkingar. Ei slik reise var nok lenge planlagd frå Willes side – i samråd med og støtta av soknepresten i Eiker, professor Hans Strøm ser det ut til. Det kjem m. a. fram i ein supplikk av 26. juli 1785 frå Wille til kong Christian 7 om å få eit ledig prestekall i Bø i Telemark. I denne supplikken seier han at dersom han kunne få dette kallet, ville han "paa egen Bekostning" gjera "en physisk og antiquarisk Reise giennem øvre Tellemarken, hvorom jeg allerunderdanigst haaber at opdage adskilligt, som vilde bidrage til Fædrene Landets Nytte og Fornøielse". Denne supplikken er sterkt støtta ved påskrift av Hans Strøm (sjå  også Appendiks nedanfor). Genren forskingsfinansieringssøknad som dette kan seiast å vera eit bidrag til, er lett gjenkjenneleg den dag i dag, berre med den vesle skilnad at vår tids svarformulering snarare enn søknaden nok ville ha med at "arbeidet må utføres innenfor eksisterende økonomiske rammer".
Wille fekk ikkje kallet i Bø, men gjennomførte likevel sitt vitskaplege prosjekt i løpet av 1786. Reisa gav fleire resultat utan at meir enn ein liten del av det skulle komma offentleg til uttrykk i Willes eiga tid. Viktig for vårt Selskab, og dermed for dagens universitetsbibliotek i Trondheim, er ei stor samling originale mellomalderbrev eller såkalla diplom som stammar frå denne innsamlingsferda, og som vart kjøpt inn til Selskabet frå buet etter Wille (jf. Midbøe 1960 I, 219). Manuskriptet til det som kan kallast ein rapport om denne reisa finst også i biblioteket her. Ei innleiing til denne reiserapporten eller reiseskildringa vart trykt i 1799 i København etter ei lang og sørgjeleg trykkehistorie med m. a. brann i trykkeriet (jf. Ehrencron-Müller 1932, 91), men så vart det altså slutt inntil manuskriptet vart utgjeve i utdrag av Ludvig Daae i 1882 (Historisk Tidsskrift, Anden Række III, 149-181).
Med dette prosjektet dabbar Willes aktive forskingsinnsats tydeleg av. Frå og med 1788 vart det naturleg nok arbeidet som prest og seinare prost som skulle komma til å ta det meste av hans tid. Likevel kom Wille til å ha nær kontakt med det vitskaplege liv i byen og elles gjennom sitt mangeårige arbeid som vårt Selskabs sekretær som vi alt har vore inne på.  Berre eitt vitskapleg arbeid utanom det  delvis mislukka strevet med å få  publisert rapporten frå reisa i 1786 er kjent frå hans hand frå tida etter 1788. Det går i naturvitskapleg og allmenn-nyttig lei, som så mykje anna frå denne tida og gjeld eit lite arbeid med tittelen En kort Afhandling om den islandske Mos (Lichen Islandicus) og dens Tilberedning til Menneske-Føde, utgjeve av vårt Selskab i 1801. Ut over det var det berre minnetalar av ulike slag han fekk gjeve ut. Mange av desse er å finna i Samling af Minde-taler i det Kongelige Norske Videnskabers Selskab over adskillige af dets afdøde Medlemmer, trykt i København 1805.
Og ved det kunne det vera naturleg å runda av desse ord om Wille sjølv på denne høgtidsdag i Selskabet. Lat det likevel heilt til slutt vera nemnt at eit godt inntrykk av ein lærdomsmann – eit medlem av vårt Selskab frå det 18. hå. kan vi få ved å studera innhaldet i den boksamling han med åra hadde skaffa seg. Boksamlinga vart lagd ut til offentleg auksjon her i Trondheim i 1811, og til denne auksjonen vart det prenta ein Fortegnelse over sal. Stiftsprovst Willes Bøger. Denne katalogen finst i Universitesbiblioteket her og seier ein god del om det lærde miljø i byen ved overgangen frå det 18. til det 19. hå.


Litteratur:

Brewer, John 1997, The Pleasures of the Imagination. English Culture in the Eighteenth Century. New York (Farrar Straus Giroux).

Ehrencron-Müller, Henrik 1932, Forfatterlexicon omfattende Danmark, Norge og Island indtil 1814. Bd. IX. København (H. Aschehoug & co).

Hagland, Jan Ragnar 1974, Norske diplom som kjeldemateriale på 1700-talet. Maal og Minne, s. 66-72.

Hagland, Jan Ragnar 1975a, Hans Jacob Wille, Norsk Ordbog = DKNVS Skrifter No 3, 1975. Trondheim-Oslo-Bergen-Tromsø (Universitetsforlaget).

Hagland, Jan Ragnar 1975b, Hans Jacob Willes bruk av diplom som kjeldemateriale i Sillejords Beskrivelse, Heimen 16, s. 645-51.

Hagland, Jan Ragnar 1994, The Reception of Old Norse Literature in Late Eighteenth-Century Norway. I: Wawn, Andrew (ed.) Northern Antiquity. The Post-Medieval Reception of Edda and Saga. Enfield Lock, Middlesex, UK (Hisarlik Press).

Hagland, Jan Ragnar 1997, Litt meir om Hans Jacob Willes arbeid med språk og litteratur i Seljord på 1780-talet. I: Bondevik, Jarle & al. (red.) Språket er målet. Festskrift til Egil Pettersen på 75-årsdagen 4. mars 1997. Bergen (Alma Mater), s. 72-78.

Hausen, C. R. 1800, Geschichte der Universität und Stadt Frankfurt an der Oder. Frankfurt an der Oder.

Midbø, Hans 1960, Det Kgl. Norske Videnskabers Selskabs historie 1760-1960. Bd. 1. Trondheim.

Nachmanson, Ernst 1928, Förteckning över Göteborgs Kungl. Vetenskaps- och Vitterhets-Samhälles ledamöter 1774-1927 = Göteborgs Kungl. Vetnskaps- och Vitterhets-Samhälles handlingar. F. 4. Bd. 32:2. Göteborg.



Appendiks:

[Det kgl. Bibliotek, København, Ny kgl. Saml. ms. 1356, folII]

Copie/ No 4 C7mus 24 úk
1785    Sillejords Præstegield
    26 Juli

Hans Jacob Wille
Capelan pro Persona
til Sillejords Præstegield i
øvre Tellemarken i Christiansands
Stift ansøger allernaadigst om det
ved Hr Mows Død ledigværende Bø
Sognekald i Aggershuus Stift.

    Til Kongen!
I allerdybeste Underdanighed nærmer jeg mig Deres Kongelige Majestæts Throne og allerunderdanigst ansøger den høykongelige Naade, at det ved Hr. Mows Død ledig værende Bø-Sogne-Kald i Aggershuus Stift allernaadigst maatte blive mig forundt.

    Allerdyrebareste Konge!
I 6 Aar har jeg staaet her som personal Capelan. Formedelst min Faders høye Alderdom har jeg stedse under de stærkeste Fatigationer og Helberedes Svækkelse forrettet dette saa fæle Field-Kalds Annexer, til hvis øverste man Høst og Vaar icke kan komme uden yderste Fare, da man har et Field at passere over. Med yderste Fliid har jeg stræbt at forrette dette mig allernaadigst betroede Embede, den her saa vankundige Ungdom har jeg stræbt at oplyse, og dertil opmuntret dem ved smaa Præmiers Uddelning. Som fød og opfød her paa Stædet har jeg af yderste Evne stræbt at giøre mig dets physiske, oeconomiske, statistiske og historiske Forfatning bekient, og icke uden stor Møye og Bekostning forfærdiget en Beskrivelse, som ligger færdig til Præssen. Ligesom jeg ved alle Leiligheder af alle Kræfter har stræbt at opmuntre Almuen, som til Dyd og Guds frygt, saa og til Fliid og god oeconomie i Huusholdnings Væsenet, og dertil ved smaa Præmier opmuntre de Fattige til at bruge adskilligt til Levnets Midler i disse trængende Tider. Og maatte denne min allerunderdanigste Ansøgning allernaadigst blive mig bevilget, da vilde jeg icke alleneste [sic] min Livs Tid udviise samme Fliid, og over samme Stæd udarbeide en physisk og oeconomisk Beskrivelse, men mine Bestræbelser skulde endog sigte derpaa at giøre paa egen Bekostning en physisk og antiquarisk Reise giennem øvre Tellemarken, hvorom jeg allerunderdanigst haaber at opdage adskilligt, som vilde bidrage til Fædrene Landets Nytte og Fornøielse.

    Allermildeste Monarck!
Maatte nu disse mine ringe Bestræbelser værdiges et naadigt Øyekast fra Deres Kongelige Majestæts Naades Trone; og mine ivrigste Forsætter til stedse varende Fliid bevege Deres Kongelige Majestæt, som saa overvettes opmuntrer og belønner sine Undersaateres mindste Bestræbelser til det Almindeliges Beste, da vilde denne min allerunderdanigste Ansøgning nyde en allernaadigst Bønhørelse.
    Den Allerhøyeste berige Deres Kongelige Majestæt med al omstændelig Lyksalighed.
    Det ønsker                            Allerunderdanigst
                                    Hans Jacob Wille


Efter begiæring tager jeg mig den allerunderdanigste Frihed herpaa at tegne og bevidne, hvad jeg for Gud og Kongen kan forsvare, at alt hvad Supplicanten i det foranførte har frembragt, forholder sig i Sandhed. Om hans duelige Fliid i Embedet vidner hans berømmelige Attestata fra hans Biskop og Provst, som længe siden ere indleverede til Hr. Geheimraad Thott. Hans gode Prædike-Gaver har jeg selv havt udmærkede Prøver paa, og ligeledes paa hans gode Genie end og til den høye Poesie. For Natur-Historien er han end og indtil Enthusiasme hengiven, som hans allerede til Landhuusholdnings Selskabet indgivne Beskrivelse over Sillejords Kald bevidner, men som kom forsilde til denne Gang at bedømmes. At reise om i hele Tellemarken for at anmerke alt, hvad der i Physich og Antiqviteter kan findes merkværdigt, har han længe havt i Sinde, men Mangel af Reise-Penge har hidindtil været ham til Hinder, hvorom han i denne Sommer giorde Forstilling til Hr. Geheimraad Thott. Nu kunde hans priselige Øyemærke meget let opnaaes, om det maatte behage Deres kongelige Majestæt at betro ham Bø-Kald i bemelte Tellemarken, som han allerunderdanigst ansøger. Og da denne unge Mand isaa mange Henseender virkelig er fremfor mange andre meriteret og af det største Haab; tør jeg allerunderdanigst forsikre, at dette lille Kald aldri kan betroes nogen, hvorved enten Kongen og Landet bedre kunde tienes, eller Videnskaberne befordres.

                                Eger 31 Juli 1785
                                Hans Strøm
                                Professor Theologiæ og
                                Sogne Præst til Eger

  Active Image
Active Image
Active Image
Active Image
Active Image
Active Image
 
 
 
 
 
 
© 2006 DKNVS 2010