Etablering
Organisasjon
Verksemder
Prisar
Biografiar
Arkiv og brev
Utsmykking
Skrifter

Skrifter 1761-1920 er tilgjengeleg på internett!

Skrifter 250 år i 2011
Skrifter er Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab sin skriftserie. Det første nummeret i Skrifter kom ut i 1761, alt året etter stiftinga av Det Trondhiemske Selskab som selskapet heitte fram til det vart approbert 1767, og er dermed ein av verdas eldste laupande vitskaplege publikasjonsseriar.

Utanom stiftarane av selskapet Gunnerus, Schøning og Suhm, har mange andre skrive artiklar til Skrifter. Mellom desse finn vi prest, naturforskar og topograf Hans Strøm, og komponist, overbranndirektør og meteorolog Johan Daniel Berlin. Andre personar som medverka i skriftserien seinare, var til dømes matematikar Niels Henrik Abel, filosof Arthur Schopenhauer, diktarane Henrik Wergeland, Johan Sebastian Welhaven og Henrik Ibsen, zoolog Michael Sars samt språkforskar, botanikar og diktar Ivar Aasen.

Skrifter har heile tida hatt eit godt fotfeste i grunnforskinga, og skal attspegla samtlege disiplinar som er representerte innan Vitenskapsselskapet sine humanistiske og naturvitskaplege klassar. Artiklane publisert i skriftserien representerer såleis eit breidt emneval, som spenner frå naturvitskap i vidaste forstand, til matematiske fag, teknologi, samfunnsvitskap, teologi, filosofi, historie, litteratur, språkvitskap og kunst.

Digitaliserte Skrifter 1761-1920 og 2010-2011
I samband med 250-årsjubileet til Skrifter i 2011 har SpesialsamlingeneGunnerusbiblioteket ved NTNU Universitetsbiblioteket digitalisert alle Skrifter frå starten i 1761 til og med 1920, og publisert dei via NTNU Open Access Journals. Dette krafttaket gjer det mogleg for alle interesserte til å sjå på og lasta ned ei mengd godbitar frå eit av verdas eldste eksisterande vitskaplege tidsskrift, som òg gjev eit unikt innsyn i Noregs vitskapshistorie.

Utvalde nr. av Skrifter frå nyare tid er også tilgjengelege via nettsida til Spesialsamlingene NTNU Universitetsbiblioteket.

Register til Skrifter 1761-2001, pdf-dokument:
1761-1910         1926-1936         1947-1956          1967-1976
1911-1925         1937-1946         1957-1966          1977-2001 

Tekst: Unn Kristin Daling

 

 

Active Image   Active Image
Det Trondhiemske
Selskabs Skrifter 1761 og 1763

Active  Image   Active  Image
Det Trondhiemske
Selskabs Skrifter 1765 og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Skrifter 1768
 

 

 
 
© 2006 DKNVS 2010